Eit variert landskap under vatn
Eit variert naturlandskap under vatn gjev leveområde for ulike artar. 18% av artane vi kjenner til i Noreg lev i havet.
- 1/1
Menneskeskapte landskapselement
Det finst også menneskeskapte landskapselement under vatn. Kvar vinter samlar det seg store flokkar av ærfugl ytst i Osterfjorden. Dei samlar seg der fordi dei et blåskjela som veks på flyteelementa til Nordhordlandsbrua.
Planteartar
På land har vi om lag 3 500 kjende planteartar i Noreg, medan vi har under 500 kjende planteartar i havet vårt. Plantane i havet er i hovudsak tang og tare, planteplankton og karplantar som ålegras.