For barn og unge
Landslova har forma lov og rett i Noreg sidan mellomalderen. Dette vert markert over heile landet, som ei påminning om verdiar og prinsipp som har leia oss fram til idag. Utforsk med oss!
13:00-13:30 Forteljarstund med Reidun Horvei og Guttorm Rogdaberg:
Høyr soga om Magnus Lagabøte og vær med å syng gamle songar.
14:00-16:00 Kreativ verkstad med Anne Hesvik:
Lær om ornamentikk mellomalderen og teknikker gjennom kreative aktiviteter!
Arrangementet er gratis
For vaksne - og andre interesserte
Kl 15.00: Velkomne til ei historisk forteljarstund som flettar saman forteljing, musikk og visuell kunst, for å gje eit levande blikk på Magnus Lagabøte og Landslova. Du får oppleva korleis denne lova har forma Noregs historiske og kulturelle landskap, ei tankevekkjande reise gjennom vår juridiske og kulturelle fortid.
Guttorm Rogdaberg, forteljing
Reidun Horvei, song og forteljing
Inger-Kristine Riber, musikk/lydkulisser
Anne Hesvik, visuelt uttrykk
Bill kr 200,-/150,-
Du kan lese meir om arrangementet her
- og kjøpe billett her.
Mat og drikke mm.
Restaurant Matstova er open for servering kl 12 - 17 (varm mat til kl 16.30)
I butikken / resepsjonen kan du kjøpe is og brus, villsaugarn, honning og mykje anna. Velkomen til ein lærerik dag ved fjorden!