Norsk raudliste for artar
Om lag kvart femte år vert alle kjende artar i Noreg vurdert for kor gode framtidsutsikter dei har i Noreg. Dersom ein art syner teikn på at den trivast i Noreg, og det ikkje er noko som tilseier at det vil vere ein stor bestandnedgang i framtida, blir arten vurdert til å vere livskraftig (LC).
Når ein art havnar i ein av raudlistekategoriane er det som regel fordi bestanden minkar kraftig, eller at den er svært fåtallig i utgangspunktet. I tillegg bidrar ofte øydelegging av leveområder til at risikoen for at arten forsvinner frå Noreg, og i nokre tilfeller frå heile verda, aukar. Øydelegging av leveområder ved at desse områda vert bygd ned eller får ein sterkt endra bruk er den klart viktigaste årsaken til at ein art blir plassert i ein rødlistekategori.
Artane som ikkje høyrer heime i Noreg
Moskus, rynkerose, sitkagran, kanadagås og havnespy er alle dømer på artar vi har i Noreg fordi menneska har spreidd dei hit frå andre stadar i verda. Nokre av desse artane har tilsynelatande ikkje så stor innverknad på norsk natur, medan andre er ei fare for norske artar og naturtypar. Artane som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg kan førast opp på framandartslista.