Sauer, geiter, kyr og hest var ute på beite frå tidleg vår til sein haust. Då vart dyra tatt inn i fjøs for å berga seg over vinteren. Om hausten slakta dei for å få kjøt, skinn og ull for vinteren. I lyngheiane kunne dyra gå ute også om vinteren og beite på den vintergrøne lyngen
Å drive gard i Nordhordland var ikkje berre å ha husdyr gåande, det var vel så viktig å drive fiske. Fisken var den viktigaste proteinkjela, fordi den alltid var tilgjengeleg gjennom året. Men å reise ut og fiske kunne ta dagar og veker.
Samanlikna med mange andre land er Noreg bratt, vått og kaldt, og vi er eit av dei landa i verda som har minst andel jordbruksland. Under 3% av landarealet vårt er dyrka mark, altså åker, eng og innmarksbeite. I Nordhordland er dette talet over 5%, nesten dobbelt så mykje som landsgjennomsnittet.
Til trass for at Nordhordland har relativt mykje landbruk, er det nesten ingen heiltidsbønder. Dei fleste bøndene våre har anna arbeid, gjerne fulltid, eller er pensjonistar.