Hopp til hovedinnhold

Berekraftig matproduksjon

Landbruket har store klimagassutslepp og kan vere negativt for det lokale naturmangfaldet. Samstundes er vi heilt avhengig av matproduksjon, og mange artar er i dag heilt avhengig av opne landskap skapt av beitedyr for å finne leveområde dei trivast i. Kva er viktig for at matproduksjonen vår skal vere berekraftig?

Berekraftig matproduksjon er at vi produserer mest mogleg lokalt, basert på lokale ressursar.

Landbrukskontora i Nordhordland

Berekraftig matproduksjon er trygg og næringsrik mat, utan at det går på kostnad av naturen og tenestene den gjev oss.

FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO)

Eit berekraftig matsystem i Noreg er å velje produksjonar som best mogeleg utnyttar lokale ressursar innanfor våre landegrenser, med færrast mogleg negative og flest mogleg positive effektar for miljø, økonomi og sosiale forhold.

Arne Bardalen, forskar i NIBIO
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1