Ull
Ull er ein fantastisk ressurs og har mange bruksområde. Likevel får bonden så dårleg betalt for ulla at ho ofte berre blir kasta, brent eller gravd ned.
Sauene i Nordhordland kan gje om lag 84 000 kg ull i året - nok til å lage garn til ein gensar, ei hue og eit par sokkar til kvar av innbyggjarane i biosfæreområdet - kvart år.
Kjøt
Noreg produserar mykje kjøt frå sauer og lam, men kor ofte et du eigentleg saue- eller lammekjøt? Undersøkingar syner at nordmenn generelt tenker på lammekjøt som eit kvalitetsprodukt, men utanom pinnekjøt til jul, fårikål ein gong om hausten og eit lammelår til påske, et vi nærast ikkje lammekjøt.