Meny frå Lygra om lag 1930
Frukost
Potetkake med sirup eller havregraut.
Middag
Potet og grønsaker (gulrot, nepe og kålrabi - og somme tider lauk).
Fisk på kvardagar (sild, fersk makrell, nykokt pale (småsei), hysekaker, klippfisk, torsk, lyr, brisling, brosme eller steinbit).
Kjøt på søndagar (kjøtgryte, sosekjøt eller kjøtkaker).
Dessert
Havresuppe med saft, semulegrynsgraut, surmjølksuppe eller saftsuppe med sagogryn.
På søndagar: sviskegraut med mjølk.
Nons
Potetkake med sirup og ost eller lappar med syltetøy.
Kveldsmat
Havregraut med surmjølk eller restar frå middagen. Brød til helg og helligdagar.