Kor mykje mat produserer vi i dag?
Her ser du kor mykje mat vi produserte per person i Nordhordland i 2022. Korleis hadde kosthaldet vårt vore dersom vi berre skulle leve av det vi sjølv produserer?
Korleis kan vi auke sjølvforsyningsgraden vår?
1) Vi må ikkje kaste mat!
Mat er ressurskrevjande å produsere, og skal etast. Planlegg måltida slik at du får brukt opp restar, unngå å kjøpe for mykje mat av gangen og lær deg å undersøke om maten er trygg å ete.
2) Ikkje bygge ned matjord.
Matjord tek lang tid å lage, og kort tid å øydelegge. Vi må ta godt vare på den matjorda vi har att.
3) Dyrke og ete meir lokalproduserte eller eigenproduserte grønsaker.
Vi kan ikkje dyrke kva som helst i Nordhordland, men poteter er døme på ei matvare som vi kan dyrke mykje meir av - sjølv heime i vår eigen hage.
4) Ete meir lokal villfisk.
Sjøen og fjordane våre er eit stort matfat, og mange fiskeartar kan haustast berekraftig.
5) Bruke meir av utmarka til grovforproduksjon.
I utmarka kan vi ikkje dyrke mat, men husdyra våre kan nyttiggjere seg av gras, lyng og urter.