Bøkeskogen på Vollom
Bøkeskogen på Vollom er den nordlegaste bøkeskogen i verda. Pollenanalyser syner at det vaks bøk her for meir enn 1 000 år sidan. Skogen kan ha etablert seg naturleg, men det er meir truleg at den er planta av menneske. Bøkeskogen er verna som naturreservat.
Granskogen på Otterstadstølen i Modalen
Gran finnast naturleg i det meste av Noreg, men unntak av delar av Vestlandet. Etter at isen trakk seg tilbake etter førre istid for nesten 12 000 år sidan vandre grana inn i Noreg frå aust. Ho har langsomt spreidd seg utover austlandet og sørlandet, og nådd kysten i Trøndelag og Nordland. Men på Vestlandet har ho berre nådd nokre få stadar, som Granvin i Hardanger og Modalen i Nordhordland. Grana finnast likevel i rikt monn over heile Vestlandet, fordi menneske har planta ho ut. Ved Otterstadstølen i Modalen finnast den vestlegaste, naturleg førekommande granskogen i Noreg.
Gripakletten i Meland
Gripakletten er eit ganske nytt naturreservat som vart verna i 2019. Her er det oseanisk furuskog, som er ein type regnskog!