Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Alver - 71 km2 sjøareal
Lurefjorden og Lindåsosane er eit spesielt fjordsystem kjenneteikna av den djupe Lurefjorden, og trange tersklar ut mot det opne havet, slik at svært lite vatn blir skifta ut. Vatnet i Lurefjorden og Lindåsosane er derfor uvanleg mørkt, og har eit heilt spesielt liv. Her kan du lese meir om verneområdet.
Nesheimen naturreservat i Vaksdal - 112 daa
Stølsheimen landskapsvernområde
Dalseide naturminne
Herlandsnesjane naturreservat
Hekland naturminne i Skaftådalen på Osterøy
Sandholmane, Øysteinen og Hesjetå naturreservat - 381 daa
Dette naturreservatet omfattar ei samling holmar og skjer mellom Fedje og Radøy. Føremålet er å ta vare på hekkområde for sjøfugl, og dei dyre- og planteartane som naturleg høyrer heime her. Det er forbode å gå i land på holmane mellom 15. april og 31. juli, for å unngå å forstyrre hekkande fugl.
Loddå naturreservat - 26 daa
Loddå naturreservat er ein holme utanfor Lurekalven, midt i Lurefjorden. Føremålet med vernet er å ta vare på hekkeplass for måsar. Her hekkar svartbak, gråmåse og sildemåse. Det er forbode å gå i land på Loddå mellom 15. april og 31. juli.
Synnøy naturreservat - 116 daa
Synnøy naturreservat ligg rett utanfor Rossneset i Alver kommune. Her hekkar det svartbak og tjeld, og det er forbode å gå i land mellom 15. april og 31. juli.