- 1/1
MUHO
Bli ein del av lyngbrannreserven!
Lyngheisenteret arbeidar for å organisere lyngbrennarlag, opparbeide kompetanse hos lyngbrennarar, og hos dei lokale brannvernstasjonane.
Ein del av arbeidet er å avdekkje kva slags tiltak som trengs. Dette kan du hjelpe oss med ved å svare på spørsmåla i undersøkinga om lyngbrenning og lyngbrennarar nedanfor.
UndersøkingVil du motta informasjon om lyngbrannreserven?
Om du melder deg på vårt nyheitsbrev om kystlynghei, lyngbrenning og lyngbrannreserven får du tilsendt informasjon om aktiviteter og fagleg innhald. Trykk på knappen under for å melde deg på.
Kvifor ein lyngbrannreserve?
Kvifor ein lyngbrannreserve?
Vi treng ein lyngbrannreserve for å ta vare på det opne kulturlandskapet, kulturtradisjonar, beiteareal, klima- og naturvennleg mat- og tekstilproduksjon og verne mot ukontrollerte villbrannar.
Kystlynghei er ei av våre mest trua naturtypar. Etter raudlista for Naturtypar i Noreg 2025 er kystlynghei no kritisk trua.
Ein kystlynghei er ein kulturlandskapstype som er dominert av røsslyng, den er ikkje tresatt og prega av ekstensiv skjøtting gjennom beite og brenning. Tradisjonane med lyngbrenning er over 5000 år gamle!
Kystlyngheia finst langs heile norskekysten i dei osceaniske sonene O3 og O2, og er mest å finne i låglandet. Dette er i område med lite snødekke gjennom vinteren noko som gjer at sauer kan gå på beite heile året. Det er mest den gamalnorske sauen (og kalla villsau) som passar best i eit slikt landskap og til utegangardrift, men andre typar beitedyr kan og beite her. Dei er berre ikkje like godt tilpassa som den gamalnorske sauen av fysiologiske årsaker.
I kystlyngheia finn vi og urter, gras, beitemarksopp, ein lang rekke insekter og mange kystbundne fuglar trivast og hekkar i lyngheia. Det er ikkje eit særs artsrikt landskap, men er viktige leveområde for en ein rekkje sjeldne artar. Ei skjøtta kystlynghei er dessutan særdeles god på karbonlagring. I mange kystlyngheiområde finn vi kulturminner fra steinalder og vikingtid. Desse landskapa har bidratt til at vi har klart oss godt på Vestlandet mange 1000 år tilbake i tid.
Mange kystlyngheiområde er trua av attgroing. Attgroing gjer at vi mister verdifullt beite som kan gje oss naturvennleg og klimavennleg lokalprodusert norsk kjøt.
Attgroing kan og vera eit problem nær bebygging i rurale område. Når lyngheia gror att kjem einer (brakje), bartrær og nokre av våre lauvtrær og tek over. I tillegg vert røsslyngen gammal og døyr. Gammal og daud lyng brenn svært godt, og høgare vegetasjon med einer skapar store og voldsomme flammar.
Halder me vegetasjonen nede, og brenn lyngen jamnleg vert områda mindre brannfarlege, og det er lettare å brenna kontrollert, og evt. slokke ein ukontrollert villbrann/ vegetasjonsbrann.
Om vi skal ta vare på kystlyngheia er det naudsynt å brenne meir lyng, og vi treng deg med på laget.
Lyngbrannreserven er eit prosjekt i samarbeid med Norsk landbruksrådgjevning avd. Sandane,, Norske landbrukstjenester i Vestland, Nordhordland Brann og redning, Øygarden Brann og redning, Stad Brannvesen, Statsforvalteren i Vestland, Bergen og omegn friluftsråd, Naturvernfoforbundet Hordaland og Nordhordland, Lyngbrennarlaget på Haugalandet, Alver kommune, Den kommunale landbrukstenesta for Gloppen og Stad, Kulturarv i Stad kommune, m. fleire.
Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektansvarleg Jeanette Tennebekk (fagrådgjevar lynghei, Lyngheisenteret på Lygra).