Hopp til hovudinnhald

Magnusgarden

Bu på Lyngheisenteret sin eigen gard!

Frå Lyngheisenteret er det 4 minutt å gå til Magnusgarden, som har overnattingsplassar til 16 vaksne. Dette er ikkje eit hotell, men eit gardshus frå 1913. Her er det inga lysforureining og du kan sjå stjernehimmelen ekstra klårt. Her er stille og fredeleg, med utsikt over fjorden, berre eit par minutt frå utmarka og turstiane på Ytre Lygra. Kort veg til badevik og gode fiskeplassar. Sjekk inn og pust ut.

  • blomstereng og gardshus bak tre
    1/1
    Lyngheisenteret

Lag din eigen mat på kjøkkenet eller besøk Matstova på Lyngheisenteret i opningstida og kjøp deg eit måltid der, basert på lokale råvarer.

I huset finn du:

I første etasje: 

  • Stove (spisebord med plass til 8 pers, vinkelsofa (sovesofa), 3 lenestolar
  • Kjøkken med komfyr m/steikeovn, oppvaskmaskin, kjøleskap m/frys, kaffetraktar, tekokar og alt nødvendig serveringsutstyr
  • Sørastovo  (2 senger + 1 seng i kammers)
  • Bad m/dusj og toalett

I andre etasje:

  • Sørelemmen (5 senger + 2 i kammers)
  • Norelemmen (2 senger + 2 i kammers)
  • Fjorden (2 senger)
  • Bad med toalett
Huset har 16 senger totalt. WiFi – fiber er installert.


  • kvitt gardshus i grønt landskap, eit stort tre til venstre
    1/12
    Magnusgarden Lyngheisenteret
  • interiør med gammal ovn
    2/12
    Frå Magnusgarden Lyngheisenteret
  • vase med blomar i interiør
    3/12
    Frå Magnusgarden Lyngheisenteret
  • Kjøkkeninteriør i grått, med brunt trebord
    4/12
    Kjøkken Lyngheisenteret
  • vindaugskarm med mugger og blomar
    5/12
    Magnusgarden Lyngheisenteret
  • Interiør med sofa, bord med seks stolar, måleri på veggane
    6/12
    Stove Lyngheisenteret
  • Interiør, rom med to sengeplassar
    7/12
    Fjorden Lyngheisenteret
  • interiør med fleire senger, blondegardiner i vindauga
    8/12
    Sørelemmen Lyngheisenteret
  • rom med seng og trekiste, blondegardiner
    9/12
    Soverom Lyngheisenteret
  • interiør med senger
    10/12
    Soverom Lyngheisenteret
  • kjøkkeninteriør med to opne dører til andre rom
    11/12
    Kjøkken Lyngheisenteret
  • interiør bad med dusjkabinett og toalett
    12/12
    Bad Lyngheisenteret

Priser for leige

Priser for leige
Heile huset7800 kr
Enkelt seng i flersengsrom650 kr
Enkelt seng i flersengsrom m/ eige sengetøy500 kr
Enkeltrom med delt bad700 kr
Dobbeltrom, Fjorden1000 kr
Sørestova m/ kammers 3 senger1650 kr
Norelemmen m/ kammers 4 senger1750 kr
Sørelemmen m/kammers 7 senger2800 kr

Inkluderer: 1 sett sengetøy og 1 handklede pr. pers  – inntil 16 personar.
Gjester legg på sengetøy sjølv og tar det av og legg det i skittentøyskurv ved avreise.
Utvask kan ein gjera sjølv. Skal vi vaske ut kostar det kr 1500.

 

Eigne priser om de ynskjer lengre opphald. Ta gjerne kontakt med oss for individuell pris på lengre opphald eller tilpassa pakkepris for studentar, lag og organisasjonar.