Hopp til hovudinnhald

Naturrom Lygra

NY FORMIDLINGSARENA
Vi vil utvikle ein annleis formidlingsarena i tilknyting til uteområdet like ved noverande
infobygg. Området har god utsikt over landskapet og skal vere eit tilrettelagt uteområde med plass
til aktivitetar, eit nytt Naturrom som skal romme kunnskap og informasjon, aktiv formidling og eit
«stillerom – refleksjon rom.

Til vår store glede kom kulturminister Lubna Jaffery til Lyngheisenteret tirsdag 2.september  og annonserte at regjeringa har løyvt 6,3 millionar til Naturrom Lygra, eit nytt visingsbygg!
Dette gjer at vi kan sikra den unike kunnskapen som ligg i det gamle kulturlandskapet og utvikla oss som kunnskap, formidling og forskingsarena.
Vi har jobba med Naturrom Lygra sidan 2020, no er vi komen i mål med den offentlege finansiering der også Alver kommune og Vestland fylkeskommune har bidrege.
Stor takk til alle! Kulturministeren kom og med auka tilskot som sikrar grunnfinansieringa til drift og skjøtsel av kulturlandskapet, som er vår viktigaste oppgåve!  

Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2