- 1/1
Kystlyngheiene er eit 5000 år gamalt kulturlandskap som framleis produserer mat og ull. Bli med på ei to timars omvising for å lære om korleis landskapet er forma av brann, beite og slått, og korleis dei lokale bøndene har vore sjølvberga med både mat og klede. Vi pratar om bærekraft og korleis desse gamle kulturlandskapa kan gje oss kunnskap om bærekraftig produksjon av både mat og klede for framtida.