Hopp til hovudinnhald

Påskeåpent

Velkommen til påskeope på Lyngheisenteret!

Bli med på påskeåpent på Lyngheisenteret

Lyngheisenteret
02. april 2026
12.00 – 17.00
03. april 2026
12.00 – 17.00
05. april 2026
12.00 – 17.00

Me held ope i påska og ønskjer store og små velkommen til hyggjelege dagar hos oss!

Ta turen innom for å oppleva utstillingane våre, nyta noko godt i kafeen og tilbring ein sosial og inspirerande dag i fine omgivnader. Perfekt som ein pause i påskeferien. anten du har besøk, er på hytta eller berre vil finna på noko hyggjeleg i nærområdet.

Det blir aktivitetar for heile familien. Påskequiz med pemiar, rebusløype ute og påskeverkstad. 

  • 1/1


Informasjon

Inngang til informasjonsbygget, Matstova og utsillinga Sirkulære Nordhordland er gratis.

Film & utstilling:   

  • Vaksne kr 110
  • Student kr 80
  • Born til og med 16 år går gratis

Filmen varer 21 minutt og vi set den på etter ønskje. Sett av minimum
10 minutt til utstillinga, men her kan du gjerne bruke meir tid. Utstillinga er open
i heile opningstida. (Unntak kan forekomme)

Butikk og Kafé


Museet og Matstova er open kl 12 - 17 (varm mat til kl 16.30). Denne påsken serverar me lammeskank, villsausuppe, vaflar, lefsar og meir. 

I butikken kan du kjøpe is og brus, villsaugarn, honning, bøker, leikar og mykje anna.
Velkomen til ein kjekk dag ved fjorden!