- 1/1
Kongsgarden på Lygra
er ein såkalla nøkkelstad på Kystpilegrimsleia. Fordi kongsgarden no berre er historie, er det Lyngheisenteret som fungerer som nøkkelstad. Her får du informasjon, kan kjøpe pilegrimspass og få stempel i passet. Her får du kjøpt mat i våre opningstider og det er også mogeleg å bestille mat til andre tider. Vi tilbyr også overnatting, i våningshuset på Magnusgarden - Lyngheisenteret sin eigen gard.
Pilegrimsdagen
11. juni inviterer vi til pilegrimsdag på Lygra, i samarbeid med Kystpilegrimsleia og Knarvik Sokn. Programmet er som følgjer:
Del 1
- 11.00 Familiegudsteneste i Lygra Kyrkje, med sokneprest Cathrine Grutle
- 11.45 Pilegrimsvandring mot Lyngheisenteret
- Stopp ved Tingstadbakken
- 12.15 Vandringa avsluttast på snuplassen ved p-plassen/steinhuset
Del 2
Aktiviteter på Lyngheisenteret, frå ca kl 12.30
- Dagspass/pilegrimspass for barn
- Naturløype
- Grille pølser
- Gå på stylter
- Kaste hestesko
- Styrkeprøve: halde bøtter. Diplom til barna
- Foredrag (Foredragshaldar og tid kjem..)
Sauesanking på Tangane
Det er også sauesanking på Tangane denne dagen. Dette passer for heile familien. (Sjå eige arrangement.)
Når sauene er komne vel inn i sankegjerdet kan ein gå ned og få sjå sauene og lamma på nært hald. Ver varsame! Villsauene våre har lite kontakt med menneske og kan vere redde.