Hopp til hovudinnhald

Revebjølle

Når revebjølla blømer er det sommar, då kan du trygt hoppa i sjøen! Revebjølla er framfor alt ein kystplante som veks i kyststroka frå Ytre Oslofjord til Trøndelag, men på Vestlandet er den òg vanleg langt innetter i fjordane. Med sine eldraude klokker står den som lysande spir attmed steinar og på andre lune stader ute i lyngheiane, på beitemark og i ope lauvskog. Ikkje sjeldan kan du sjå revebjølle på gamle torvtak. Frøa skal helst ha ljos for å spira, og særleg der folk har rota litt i jorda kan den opptre i reine masseførekomstar. Dette er ein av dei mange plantene det vert mindre av etter kvart som landskapet gror att.

2 årig

Planta lev vanlegvis i to år. Første året veks det fram ein krafteg bladrosett som står grøn over vinteren. Neste år kjem blomsterstengelen, og når bløminga startar visnar bladrosetten. Kvar einskild klokkeblome blømer ei vekes tid. Dei er avhengig av humler på jakt etter nektar for at befruktinga skal bli vellukka. I botnen av klokka sit det mange små hår som truleg skal hindra at mindre insekt stikk av med godsakene utan at planten vert befrukta.

Vakker, men giftig

Revebjølle er ein folkekjær plante. Folk har til alle tider teke den heim og planta den i hagane, og i dei seinare åra har planteskulane tatt til med å selja eigne hagesorter. Dei er mykje lik på villformen, men kan oftare få andre farger. Dei spreier seg lett attende til naturen kor dei klarar seg fint. Når du finn kvit revebjølle er det plantar som opphaveleg har spreidd seg ut frå ein hage. Vill revebjølle med kvite blomstrar førekjem så godt som aldri ute i naturen. 

Sjølv om dette er ein kjærkomen og populær plante, har folk alltid hatt vørnad for revebjølla. Den er giftig, og det visste både folk og fe. Husdyr et den ikkje, difor står planten alltid att på utmarksbeita. Men dersom tørka blad av revebjølle hadde kome med i høyet, kunne det få katastrofale følgjer for dyra. Som alle giftplanter vart revebjølle brukt medisinsk. Blada vart lagt på sår på liknande måte som groblad. I folkemedisinen kjende dei òg til at planten kunne nyttast mot hjartesjukdom. Men dette har alltid vore ein risikosport. Du et ikkje mange blad frå revebjølle før det vert ditt siste måltid. Dei verksame stoffa frå blada til revebjølla er derimot mykje nytta i moderne hjartemedisin. 

Kjært barn har mange namn

Dei fleste har noko med bjølle, rev/røv eller finger å gjera, så som bjølleblom, reveblom, revehanske, fingergull, røvaleik osv. Bjølle er lett å skjøna, det kjem frå dei klokkeforma blomane. Dei fleste born som leikar der revebjølla veks vil før eller seinare freista å tre dei raude klokkene inn på fingertuppane. Då sit du med ti fingerbøl, eller ti raude klør (alt etter kva leiken går ut på). Heldigvis er det lite gift i blomene — det er ikkje kjend noko døme på at born har vorte forgifta på denne måten — for dette har vore ei særs populær leike til alle tider. Dette er opphavet til dei mange namna med hanske, leik eller finger. Det latinske slektsnamnet Digitalis kjem på same måte av fingerbøl.Men kvar kjem reven frå? Her har det vore mange teoriar. Nokre har hevda at det har med fargen å gjera, men det høver no ikkje heilt. Meir overtydande er det at «rev» ofte nyttast i mange namn om planter som reknast som mindreverdige, dårlege, lite smakfulle eller giftige. Dette er det fleire døme på i dei skandinaviske språka. Men med unnatak av nokre få stader i Bohuslän, finst ikkje revebjølle naturleg i Sverige eller Danmark. Så der har dei berre omsett namnet frå latin til ulike variantar av fingerbølblom. Heller ikkje i dei andre landa på kontinentet finn vi reven att i namnet på planten. Men på engelsk, der heiter den foxglove, altså revehanske som vi òg kjenner frå Noreg. Det er neppe tilfeldig, men om påverknaden har gått frå engelsk til norsk eller hin vegen, dette har språkforskarane ikkje heilt funne ut av enno. 

  • 1/1