Rundsoldogg (Drosera rotundifolia)
Av soldogg har vi eigentleg tre artar her i landet, men den vanlegaste i lyngheieane er rundsoldogg. Den har runde, små, gule blad som er dekka med raude kjertelhår. I enden på kvart hår sitt ei lita doggdråpe, sjølv i varmt og turt ver.
Folk la sjølvsagt tidleg merke til dette, og dei mangla ikkje på gode forklaringar. Nokre meinte det var tårene til Jomfru Maria, andre heldt på Kristi svette. Ein slik plante måtte i alle høve ha magiske krefter, og dråpane frå soldoggblada vart difor ein viktig ingrediens i folkemedisinen. Dei vart nytta mot mange slags plagar som augnesjukdom, liktorn, helvetesild og ringorm. Fleire stader vart planten kalla ringormgras.
Tek du fingeren borti eit blad vil du fort merka at dråpane ikkje er dogg. Det er ein klistrande væske, og hvis eit insekt rotar seg bort på eit slikt blad, sit det fast. For oss er dette klisteret ufarleg, men det stakkars insektet er dødsdømd. Medan det kavar for å sleppa laus klinar det seg berre til med meir av klisteret og lid ein langsam kvelningsdaud. Samstundes foldar bladet seg saman og skil ut ymse enzym som løysar opp insektet til næringstoff for planten. Når all nyttande næring er soge ut av dyret, foldar bladet seg ut og kvittar seg med restane av insektet. Så kjem det nye dråpar på kjertelhåra, og planten er klar til ny fangst.
- 1/1