Sesongopning i påska

Palmesundag, 28. mars, opnar Lyngheisenteret endeleg for besøkjande att!

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Vi held ope Palmesundag, Skjærtorsdag, Langfredag og 1.påskedag. 
Alle dagar kl 12-17.

Det vert påskeaktivitetet for små og store - inne og ute. Matstova  er open.
I museumsbutikken finn du lokale varer som lynghonning, villsaugarn, villsauskinn og andre ullprodukt, bøker, spel og barneleikar i tillegg til is og drikke.

Vi tek smittevern på alvor. Alle besøkjande i informasjonsbygget må bruke munnbind og registrere seg ved ankomst!

Vi er med på Kunstrunden også i år. Den opnar offisielt på Skjærtorsdag, men vi tjuvstartar Palmesundag.

Går du tur og vil vere med på Stolpejakten, så kan du sanke tre stolper her ute i år.

Hjarteleg velkomen!