Hopp til hovudinnhald

AVLYST Sider- og øl-smaking på Lyngheisenteret

OPPDATERING: Arrangementer er dessverre avlyst grunna for få påmelde. Vi vil setje det opp att på eit seinare tidspunkt.

Vi har gleda av å invitere til ein spanande kveld, der vi smaker på lokal sider frå Skøssn Gard, lokalt brygga øl med norsk malt og kveik, samt smak av lokalmat som passar til drikka.

NB! Arrangementet har funne stad

OPPDATERING: Arrangementer er dessverre AVLYST grunna for få påmelde. Vi vil setje det opp att på eit seinare tidspunkt.

Lyngheisenteret
07. – 07. mars 2025
19.00 – 21.00
  • Store, modne, røde epler på epletrær
    1/1
    Skøssn Gard

Sider frå Skøssn Gard

Skøssn gard er ei lita familiebedrift som ligg på Skotsund, ikkje langt frå Feste og Lygra. Garden har vore i same familie sidan 1794 og er no eigd av Karin Feste og Svein Kvamme. Dei driv i dag hovudsakeleg med geit og eple. Denne kvelden får du moglegheit til å lære meir om korleis sider blir til, frå eple på garden til det ferdige produktet i glaset. Karin og Svein deler kunnskap om den tradisjonelle produksjonsprosessen, og vil gje deg smaksopplevingar av sider frå Skøssn Gard, og ein variant frå ein annan siderprodusent.

Øl frå Lyngheisenteret

Arild Sætre, premiert ølbryggar og tilsett i Museumssenteret i Hordaland, vil fortelje litt om ølet som er brygga på kveik på Lyngheisenteret og om brygging generelt.

Lokalmat

Kjersti Linn Bakke, kokken på Lyngheisenteret, har sett saman smaksprøvar av lokalmat som kan passe til den lokale drikka.

Ta med deg venner og familie til ein kunnskapsrik kveld med gode smaker og godt lag !

Denne kvelden får du mogelegheit til å stille spørsmål, og få svar, direkte frå produsenten.

Aldersgrense: 18 år

Pris: kr 500

Billetter kjøper du her (NB! Kun 30 stk!):
https://booking.duell.no/…/sider-og-l-smaking-p…

Overnatte på Lygra?

Det er mogeleg å overnatte på Lygra.
Kontakt Lyngheisenteret på mobil nr  95158756 eller 41408416
eller send ein e-post til lyngheisenteret@muho.no

Velkomen til ein lærerik kultur- og smaksopplevingskveld på Lyngheisenteret!

Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2