Hopp til hovedinnhold

Lærarnettverk

Lærarnettverket er eit tilbod for deg som arbeider med Sirkulære Nordhordland. Her fokuserer vi på korleis vi kan bruke utstillinga "Sirkulære Nordhordland" i praksis, og arbeide med aktive elevar som utforskar seg sjølv, naturen, landbruket og industrien i nærområda sine, og reflekterer over eigen påverknad på nære omgjevnadar og framtida si. I lærarnettverket kan du som lærar dele erfaringar og få inspirasjon.

Nettverket er administrert av Vigdis Valde, tidlegare skuleleiar og lærar i Alver kommune, som har vore ansvarleg for utvikling av støttematerialet til undervisning. Vi nyttar Microsoft Teams til å avvikle digitale samlingar og dele dokument. Ved stor interesse forsøker vi å halde ei fysisk samling kvart semester.

Vi håpar du vil ha mogelegheit til å priorotera samlingane i ein travel skulekvardag, og at det vil bidra til at du får eit inspirerande forum for korleis du kan drive god undervisning kring berekraftig liv, ansvar og utvikling.

Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet under. Invitasjon til Teams-kanalen blir sendt ut fortløpande, men merk at det kan ta noko tid då vi ikkje arbeider med dette dageleg.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1