Hopp til hovudinnhald

Sjøfugl i knipe

32 av dei 54 sjøfuglartane i Noreg står på raudlista. For mange av sjøfuglane finnast store delar av bestanden i Noreg, og vi har eit særskild ansvar for å ta vare på dei 

Klimaendringar

Klimaendringar gjer til at fleire fiskebestandar flyttar gyteområda sine. Då kan det bli vanskeleg for sjøfuglane å finne mat i nærleiken av dei faste hekkeområda, sjølv om det totalt sett er nok mat i havet. 

Det er ikkje lenger lov til å kaste bifangst og fiskeavfall på sjøen. Dette er god ressursøkonomi, men fjernar samstundes ei viktig matkjede for fleire artar av sjøfugl. 

Utbyggingar i strandsona legg beslag på hekkeplassar. 

  • Norsk mink på et berg
    1/1
    Marton Berntsen CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Minken

Minken, som ikkje høyrer heime i norsk natur, plyndrar reir og tek livet av sjøfugl. På Fedje er minken nyleg utrydda som resultat av målretta jakt. Det er gode nyheter for sjøfuglen. 

  • 1/1
    Marius Vassnes,, https://vassnesfoto.no/

Fiskemåsen

Fiskemåsen er døme på ein art som mange ser meir av no en før fori den hekkar tett på oss i byar og bygder. Menneskeskapte endringar fortrenger fiskemåsen frå hekkeplassane på kysten. 

Sjøv om det kan sjo ut som at fiskemåsen er svært vanleg har bestanden gått ned med kring 80% dei siste tretti åra.