- 1/1
Graset slår vi med ljå, bankeljå og stuttorv, vi raker og hesjer - akkurat slik dei gjorde det før i tida, og alt kan du få vere med på! Du kan også besøke Magnusgarden; sjå på alt vi dyrker der og helse på flaskelamma våre.
Det blir hesteskokasting, du kan gå på stylter og teste styrken med å holde "melkespann" (bøtter) - diplom til alle barn. Nede i Naustvika er det fint å bade og sjå etter skjel og småkrabbar. Krabbesnører får du kjøpt i Infomasjonsbygget. Gode fiskeplassar er der óg.
I Matstova serverer vi rømmegraut og spekemat i tillegg til den vanlege lunchmenyen vår. Varm mat til ein halvtime før stengjetid.
Hjarteleg velkomen til Slåttesøndag på Lyngheisenteret, søndag 25.juni kl 12-14!
Vi held ope til kl 17. Bestilling av varm mat til kl 16.30.