Hopp til hovudinnhald

Smalkjempe

Smalkjempe er ein plante som ikkje alle legg merke til, enno den er vanleg på grasmark ute ved kysten. På Lyngheisenteret veks det mykje smalkjempe på dei graskledde knollane kring informasjonsbygget. Fleire kjenner gjerne den nærskylde grobladkjempen, som finst på tun, i stigar og andre stader med mykje tråkk. Smalkjempe liknar, men har smalare blad og veks i enga. Heilt sidan oldtida har groblad vore kjend for sin lækjande verknad på sår. Smalkjempe innehel mykje av dei same stoffa, men dei smale blada er lite eigna som plaster. Derimot vart avtrekk av smalkjempe nytta mellom anna mot sår hals og hoste.

Smalkjempe blømer mest i mai/juni, og især ved jonsokleite. Den vart difor ofte kalla for «jonsokgras» og liknande. Namnet «kjempe» kjem frå ei gamal barneleike kor ein nytta blomsterstilken til å «kjempa» med. Før bløminga tek til fell blomsterhovudet lett av stilken, og den som først miste hovudet hadde tapt. Eit anna namn på smalkjempe var «livgras». For å skjøna dette lyt me sjå nærare på bløminga til smalkjempe. Det som ser ut som eit brunsvart blomsterhovud, er i røynda eit aks med ein heil blomsterstand av pitte små blomstrar. På evolusjonen si lange ferd, fann forløparane til kjempeartane ut at dei var best tent med vindpollinering. Då trong dei ikkje bruka energi på fargerike kronblad og nektar for å lokka tilseg insekt. Heile blomen er redusert til nokre små skalliknande blad. For å unngå sjølvbefrukting er kvar blomster først i hokjønna, deretter i hankjønna fase. Den hokjønna fasen er nesten usynleg, berre støvvegen (arret) stikk fram som eit langt gulvore, frynsa hår. Den hankjønna fasen er langt meir iaugefallande. Frå kvar lita blome stikk det ut fire lange støvbærare med kvite, fritthengjande pollenknappar. Bløminga startar nedanfrå i blomsterstanden med ein ring av hokjønna blomstrar. Etter kvart som denne ringen vandrar oppetter akset, startar ein ny ring med støvbærare å koma nedanfrå. Det er når smalkjempen står med ein kvit ring rundt hovudet at folk legg merke til planten. Då kan den nyttasttil ymse spådomskunster, særleg jonsoknatta. Ved å ta inn ein blomsterstilk, plukka av alle støvbærarane og leggja den under hovudputa, vil talet på nye støvbærare som kjem ut fortelja kor mange nye kjærestar du vil få. Og kjem det ingen nye støvbærare, kan du ikkje rekna med å leva fram til jonsok neste år. Difor namnet «livgras».

Dei fritthengjande pollenknappane til smalkjempen sørgjer for at blomsterstøvet vert spreidd vidt ikring. Berre ein liten brøkdel går med til å laga nye frø, resten hamnar rundt om i naturen. I torvmyrer og innsjøsediment kan blomsterstøv halda seg i tusenvis av år. Frå studiar av slike avsetjingar kan botanikarane syna at smalkjempen kom her til landet alt like etter siste istid. Men etter kvart som landet vart skogdekt, fanst denne lyskrevjande planten berre att hist og her i strandsona. Då landbruket tok til å opna opp att det skogkledde landskapet for 5-6000 år sidan, fekk smalkjempen sin store sjanse. Over alt kor folk rydda seg åker og eng, dukka den opp. Dette heng saman med frøspreiinga til kjempeartane. Når frøa vert mogne vert dei klebrige, især i fukteg vêr. Då set dei seg fast på alt som fær forbi, anten det er to- eller firføtingar, eit kjerrehjul eller kva som helst anna. Difor spreidde smalkjempe seg over heile Europa saman med det første jordbruket, som nissen på lasset. På den måten vert blomsterstøv frå smalkjempe i gamle avsetjingar ei viktig kjelde til kjennskap om den eldste jordbrukssoga.På same vis som smalkjempe vart òg groblad spreidd vidt ikring, heilt til Nord-Amerika. Her vart groblad innførd med dei første europeiske nybyggjarane, og den spreidde seg utover kontinentet der europearane slog seg ned og rydja land. Dei lokale innfødte la sjølvsagt merke til denne nye planta, og dei kalla han for «den kvite mann sit fotefar».