Hopp til hovudinnhald

Tareskog

Det er ikkje berre på land vi finn store og artsrike skogar. Tareskogen langs kysten vår myldrar av liv. 

smådyr og fiskeyngel som lev i tareskogen trekker til seg større fiskar og andre dyr, som igjen trekker til seg sjøfugl, sel og oter. 

tareskogen er ei viktig brikke for karbonlagring i havet, og dei er naturlege bølgedemparar langs kysten. 

  • 1/1

Mangfold

På berre ein kvadratmeter med tareskog kan ein finne opp til 300 ulike artar og 100 000 ulike individ.

Tare inneheld stoffet alginat som har mange bruksområder, frå å gjerde iskrem mjukare til medisin mot sure oppstøt. Taretråling er eit stort inngrep i landskapet, slik flatehogst er i skogane på land. 

Sjølve taren veks raskt tilbake etter tråling, men det tek lengre tid før alle dei andre artane er tilbake.