Hopp til hovudinnhald

Tepperot

Når du går ute i lyngheiane kan du sjå tepperota som nokre gule flekker som ligg strødd utetter innimellom lyng og gras. Dei fleste tenkjer vel at dette er nokre små smørblomstrar, men det er feil. Hos smørblomstrane dannar dei fem, lett overlappande kronblada ei lita skål. Her er det berre fire frittståande kronblad som dannar ein kross i den vanlegvis flate blomsteren. Dette er tepperot som høyrer heime i rosefamilien. Dei næraste slektningane kallast for «mure», den vanlegaste på våre kantar er gåsemure som i dei fleste viker langs sjøen dannar eit blågrønt teppe av flika blad i overkant av strandsona. 

Tepperot (Potentilla erecta) er ein nøysam plante og veks så godt som over heile landet. Ute i lyngheiane er den særleg vanleg på dei ferske brannflatene. Der kjem den fort opp og kan verta heilt dominerande før lyngen kjem skikkeleg i gang att. Når folk først vert merksame på tepperoten, undrar dei seg alltid over namnet. Sjølv om den er vanleg, dannar den aldri noko teppe slik slektningen gåsemure gjer det. For å skjøna dette merkjelege namnet, må vi sjå nærare på korleis tepperot har vore nytta av folk. 

Rota mot mageknip

Denne planten, som i dag er så lite påakta, har i uminnelege tider vore ein av dei mest nytta plantene i norsk folkemedisin. Som namnet tyder, er det rota det handlar om. Tepperot har ein kraftig rotstokk som kryp bortetter nedi jordsmonnet. Grev du opp ein slik rotstokk og brekker den i to, vil du sjå at den er blodraud inni. Dette kjem av eit garvestoff som har synt seg å vera verksamt mot fleire sjukdomar, og grunna fargen hadde folk særleg tiltru til planten ved blødingar og alle andre problem som hadde med blod å gjera. Blodrot har vore eit vanleg namn på planten. Mest kjent var planten avdi garvestoffa hadde god verknad mot diaré både hos folk og fé. Skitrot var eit anna populært namn. Det latinske slektsnamnet for tepperot og murer er «Potentilla», men salig Linné kalte tepperot for «Tormentilla». Det kjem av den latinske nemninga for mageknip, som gjerne høyrer saman med diaré. Latinske plantenamn var vanlegvis lite utbreidd mellom vanlege folk, men nemninga «tormentillerot» har hatt stor utbreiing. Men kva med tepperot? Nemninga «teppe» i dette namnet kjem av same opphav som ein «tapp». Altså, om du fekk diaré kunne du nytta denne rota, enten som avkok eller løyst i sprit. Det hadde same verknad som å setja ein tapp i tarmen.