Hopp til hovudinnhald

Tettegras

Tettegras - Pinguicula vulgaris 

Tettegras er ein av dei kjøtetande planten vi finn i lyngheiane. Slekta har tre artar i Noreg. Den arten vi har i lyngheiane heiter vanleg tettegras og har ein blå blome øvst på ein bladlaus stilk.

I fjellstroka frå Trøndelag og nordetter finst ein annan art som liknar — fjelltettegras. Men den har gulkvite blomar. Den tredje tettegrasarten — dvergtettegras — er heller sjeldan og kjem aldri i nærleiken av lyngheiane.

Tettegras har ein rosett av grøne, småfeite blad som ligg trykt ned mot bakken. Overflata av desse blada er dekt av eit seigt slim. Overflata av desse blada er full av kjertlar som produserar slim og fordøyingsenzym. For dei stakkars insekta som hamnar her er resultatet det same, dei kjem ikkje laus og går ei sikker daud i møte. Emzyma som bladet skil ut bryt ned insekta og tettgraset absorberar næringa frå dei.

Tettegras vart nytta på mange vis i folkemedisinen, mellom anna til å farga håret gult. Falske blondiner er ikkje noko nytt! Men mest kjend er likevel bruken av planten i mjølkestellet. Tettemjølk, eller tjukkmjølk, er ein form for seig surmjølk som kan halda seg i lang tid. Det har tradisjonelt vore vanleg å tru at tettemjølk kan lagast av å leggja blad av tettegras i ein bøtte med nysila mjølk. Enzyma som planten nyttar til å løysa opp insekta får rett nok mjølka til å koagulera, men dette er ikkje eigentleg tettemjølk. Den vert laga av spesielle bakteriar, tilsett frå ein tidlegare mjølkekultur. Det er mogeleg at desse bakteriane på ein eller annan måte har samanheng med tettegraset, men korleis dette heng i hop har forskarane enno ikkje kome til botnar i.

  • 1/1