Hopp til hovudinnhald

Tilgjengelegheit

På Lyngheisenteret ønskjer vi alle velkomne, og gjer så godt vi kan for at mest mogeleg av anlegget skal vere tilgjengeleg for flest mogeleg. Lyngheisenteret er delvis eit friluftsmuseum; det er dei verna kystlyngheiene som er hovudsamlinga vår, men vi har også eit informasjonsbygg og eig den eine av dei fem gardsbruka på Ytre Lygra; Magnusgarden.

Parkering og tilkomst

Vi har tre parkeringsplassar. Den fyrste er godt merka ved den raude løa, like etter siste avkjørsel med skilting til Lyngheisenteret. Plassen er grusa. Herifrå går ein langs bilvegen heilt fram. Neste parkering er der Lurevegen endar og asfalten tar slutt. Denne parkeringa er også grusa. Herifrå går det grusveg ned til informasjonsbygget. (Sjå bilde.) På nedsida av bygget er det parkering for personalet og HC parkering. HC parkering er ikkje merka, men dei som treng det kan parkere her og varsle personalet når de kjem inn i bygget. Herifrå går det ein grusveg opp til hovudinngangen. Ta kontakt dersom du trenger assistanse. Det er mogeleg å komme inn i bygget frå nedsida og ta heis opp. Det er også mogeleg å parkere på oppsida av bygget, nærare hovudinngangen. Ta kontakt med oss ved slikt behov.

Turstiane våre

Det går ein smal og noko ulendt sti frå den fyrste parkeringsplassen, mot Lurefjorden og til Naustvika og informasjonsbygget.  Denne stien er ikkje tilrettelagt. Dei øvirge stiane (sjå bilde i bildekarusell) er gruslagde, men nokon plassar tilgrodde med nedtrakka gras. Desse stiane er tilgjengelege med barnevogn og ein "sporty" rullestol.

Stien frå kaien startar bratt og ulendt og er ikkje eigna for gjestar med gangvanskar, eller rullestol.

Informasjonsbygget

Informasjonsbygget går over to etasjar, hovudetasje og underetasje, og inneheld utstillingsrom, butikk, auditorium, møterom og kafe Matstova, i tillegg til toalett, kontorer og lager mm. Det er både ei breid trapp og heis mellom etasjane. Bygget har trinnfri adkomst. Her er fleire ytterdører.

På oppsida av bygget (hovudetasjen) finn du hovudinngangen. Denne har ikkje døropnar, men står ofte open på fine og varme dagar. Sideinngang mot nordvest, under overbygget, er dobbeldør.  Dørene tek deg rett inn i museumsbutikken og resepsjonen og vidare til kafé Matstova, møterom og toalett i tillegg til kontorer og personalgarderobe. Mål på dører:

  • Hovudinngang: 85 cm
  • Sideinngang: dobbeldør, 180 cm
  • Til Matstova: dobbeldør, 173 cm
  • Til møterom: 84 cm
  • Dobbeldør mellom Matsova og møterom: 170 cm
  • Heisdør: 89,5 cm

Det også dobbeldør frå nordsida av bygget og rett inn i Matstova (164 cm). 

På nedsida av bygget (underetasjen) er ytterdøra dobbeldør (165 cm). Neste dør, frå yttergang til hall er også dobbeldør (160 cm). Herifrå er det direkte tilgang til trapp og heis. Mål på dører i underetasjen:

  • Heisdør: 89,5 cm
  • Til audutorium: 91 cm
  • Naudutgang frå auditorium: 170 cm
  • Til utstillingsrom: dobbeldør, 126 cm
  • Naudutgang fra utstillingsrom: dobbeldør, 170 cm

Toalett

Det er tre toalett i hovudetasjen i infobygget; eit dametoalett, eit herretoalett og eit HC toalett med stellebord. Dørene inn til dame- og herreoaletta er 69,5 cm breie. Dør til HC toalett er 90 cm brei. Der er det handlene som kan takast opp og ned, på begge sider av toalettet.

Vi har også eit toalett på utsida av bygget, som alltid er ope. Inngang ved HC / personalparkering på nedsida av bygget. Det er ein liten avsats inn til ytterrommet utanfor toalettet, med ein høgdeforskjel på 2 - 4 cm. Døra inn til toalettet er 80 cm brei.

Bilder

Trykk på utvidingspilene oppe i høgre hjørne for å sjå bildene betre.

  • Flyfoto over ytre Lygra med pilar og tekst som viser informasjonsbygg, lyngheiene, flytekai med meir.
    1/19
    Bilde over Ytre Lygra. Dei grusa turstiene kan sjåast som gråbrune strekar i terrenget. Lyngheisenteret
  • Parkeringsplassen ved Fosseløa, ei raud løe med steinmur og bølgjeblikk på taket.
    2/19
    Parkeringsplassen ved Fosseløa - den fyrste parkeringsplassen du kjem til når du kjøyrer til oss. Løa ser du også nederst til venstre på flyfotoet over Ytre Lygra. Vibeke Døsvik Haukeland
  • Grusveg ned til informasjonsbygget med steingard på kvar side. Bildet er tatt ein sein sommarkveld.
    3/19
    Grusvegen ned til informasjonsbygget Vibeke Døsvik Haukeland |
  • Vegen ned til informasjonsbygget, med steingard på kvar side. Det er snø.
    4/19
    Vegen ned til informasjonsbygget ein vinterdag med litt snø. Vibeke Døsvik Haukeland |
  • Grusbakke med steingard og grøne marker på kvar side. Blå himmel med kvite skyer. Dette er vegen frå informasjonsbygget og opp til hovudvegen
    5/19
    Grusbakken frå infobygget og opp til hovudvegen Vibeke Døsvik Haukeland |
  • Hovudinngang på Lyngheisenteret med open dør. Døra er  i glas og metall og er opninga er 85 cm brei.
    6/19
    Hovudinngang med open dør Lyngheisenteret
  • Sideinngang til museumsbutikk og resepsjon. Dobbeldør i glas og metall, 180 cm brei.
    7/19
    Sideinngang til museumsbutikk og resepsjon. Dobbeldør 180 cm. Lyngheisenteret
  • Dør frå butikk og resepsjon inn til kafé Matstova. Dobbeldør med eine døra open.
    8/19
    Dør frå butikk/resepsjon inn til Matstova. Lyngheisenteret
  • Dobbeldør mellom møterommet og Matstova. Tatt frå møterommet, ei dør står open.
    9/19
    Dør mellom møterom og Matstova. Bilde tatt frå møterommet. Lyngheisenteret
  • Lukka ytterdør i glass, som går frå utsida og inn til kafé Matstova
    10/19
    Ytterdør inn til Matstova Lyngheisenteret
  • Viser døropning til handikap toalett
    11/19
    Døropning til HC toalett Lyngheisenteret
  • Open dør i metall, inn til hovudutstillinga vår i underetasjen
    12/19
    Open dør inn til hovudutstillinga vår i underetasjen Lyngheisenteret
  • Døropninga inn til auditoriet i underetasjen
    13/19
    Døropninga inn til auditoriet i underetasjen Lyngheisenteret
  • Ytterdør og naudutgang i glass, frå auditoriet. Grusbakken opp til hovudvegen i bakgrunnen.
    14/19
    Ytterdøra (og naudutgang) frå auditoriet Lyngheisenteret
  • Dobbel ytterdør i glass, med vidare tilkomst til lager og gangen i underetasjen. Døra er på nedsida av informasjonsbygget.
    15/19
    Dobbeldøra på nedsida av informasjonsbygget, med vidare tilkomst til lager og gangen i underetasjen. Lyngheisenteret
  • Grå dobbeldør i metall som er naudutgangsdør frå utstillingsrommet
    16/19
    Naudutgangsdør frå utstillingsrommet Lyngheisenteret
  • Murvegg med skilt som viser til toalett på utsida av informasjonsbygget
    17/19
    Murveggen på sørsida av informasjonsbygget med skilt til døgnope toalett. Lyngheisenteret
  • Opning i steinmur som viser tilkomsten til ytterrommet der døra inn til toalettet på utsida av bygget er.
    18/19
    Opning i steinmuren som viser tilkomsten til ytterrommet med døra inn til toalettet på utsida. Lyngheisenteret
  • Tredør til toalett på utsida av informasjonsbygget. Døropning er 80 cm brei.
    19/19
    Dør til toalett på utsida (på nedsida) av informasjonsbygget. Døra er 80 cm brei. Lyngheisenteret

Lyd og film/bilde

Det er lydanlegg med mikrofon og høgtalarar i Matstova, og høgtalarar i møterommet som kan koblast til. I Matstova har vi også eit elektronisk flygel. I møterommet har vi eit stort lerret. Vi har også eit mobilt lerret og ein mobil prosjektor, med stativ. 

I auditoriet er det lydanlegg med mikrofon på talarstol. Vi har også ein trådlaus mikrofon (headsett) som kan koblast til. Her er også teleslynge og prosjektor.
NB! Vi gjer merksame på at filmen om Mandus og Klara, som høyrer til utstillinga, berre har kommentarar og er ikkje teksta.  Den engelske versjonen er også kun med kommentarar.

Følgjeperson

Følgjeperson/ledsagar får gratis inngang på museet.

Servicehundar

Servicehundar er velkomne på museet

Kontakt

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.

Telefon: 56 35 64 10

E-post: lyngheisenteret@muho.no

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2