Hopp til hovudinnhald

Tiriltunge

Tiriltunge er ein populær og velkjend plante som veks i store deler av landet. Den høyrer heime i erteblomfamilien, og tiriltunge er den einaste arten frå denne plantefamilien vi vanlegvis finn ute i lyngheiane.

Med sine skinnande gullgule blomstrar er den lett å sjå, helst på tørr fastmark. Dei vene blomane har gitt opphav til eit anna namn på planten — Jomfru Maria gullsko. Den høyrer med mellom dei plantene som kjem rikeleg opp etter ein lyngbrann, og den er ein god beiteplante. I tidlegare tider vart den til dels dyrka som fôrplante på same vis som kløver. Blomane til tiriltunge er typiske for erteblomfamilien. Fire av kronblada lagar ein kjøl-liknande boks kor støvbærare og griffel er gøymd, medan det femte kronbladet står opp som ein reklameplakat for insekta. Berre insekt som har lang nok tunge, som oftast humler, greier å snike seg heile vegen inn til godsakene i blomen, samstundes som dei utførar den livsviktige bestøvinga. Nokon har meint at denne kjølen minnar om ei gamal, gulna tann, og det har gitt opphavet til namnet kjerringtann. I Sverige og Danmark er dette det vanlegaste og offisielle namnet på denne planten. 

Kvar kjem namnet frå?

Men kva kjem namnet tiriltunge av? Den siste delen av namnet kjem nok av den same kjølen, som like gjerne kan oppfattast som ei tunge. Tiril er meir komplisert. Dei som har granska dette meiner at det er fruktstanden som har gitt opphav til denne forstavelsen. Etter bløminga veks det fleire belgar vannrett ut frå toppen av stengelen som vert stiv og opprett. Ofte er det fire belgar som nærast utgjer ein kross. Dette minnar om ein kinnestav som dei nytta i dei eldste smørkinnene. Ei slik kinnestav, som var eit skaft med eintrekross i enden, vart gjerne kalla for tiril, tørril eller turul. Det kan sjå ut som om namnet tiriltunge har hatt sitt opphav på Vestlandet og har spreia seg til resten av landet herfra. På Færøyane og på Island heiter òg planten tiriltunge, og ikkje kjerringtann. Dette seier litt om kvar dei kom frå, dei som i si tid slo seg ned vest i havet.

  • 1/1