Men kva er torv?
Torv er ei blanding av ufullstendig nedbrotne planterestar og humus — det brunsvarte sluttproduktet i naturen si nedbryting av plantar og dyr. Torv dannast på fuktig mark, avhengig av nedbør, temperatur, topografi og vegetasjonstilhøve. På tørr mark vil humusrestane stort sett gå inn i det naturlege krinslaupet på staden, og djupna på jordsmonnet vil halda seg nokonlunde uendra over tid.
Fungerer som ein svamp
Men i torva vert det eit overskot av organisk materiale, og det gjer at den veks ørlite grann i tjukkleik kvart år. Og den viktigaste planteslekta for tilvoksteren i torva, det er torvmose. Sjølv om det er mange artar torvmose kan alle og einkvar lære å kjenne att torvmoseslekta, for dette er ein av dei vanlegaste planteslektane i Noreg. Er du i tvil, ta ein mosedott i neven og klem til. Hvis det kjem vatn ut av den, omtrent som når du klemmar ein svamp, då er det torvmose du har funne. Når vatnet kjem ut bleiknar mosen, pressar du alt vatnet ut vert mosen nesten kvit. Dette har gitt opphav til eit anna vanleg namn — kvitmose.
Lagrar vatn i cellene
Men kvifor er det så mykje vatn i torvmose? Inni bladet til torvmosen finst det to sortar celler. Dei «normale» plantecellene er smale og inneheld klorofyll. Men mesteparten av bladet er bygd opp av tomme «ballongceller» som heiter hyalinceller. Dei inneheld berre nokre ribbar til støtte for celleveggen og ellers er dei tomme. I desse cellene er det eit lite hol, ei pore, der vatnet kan strøyma inn eller ut. Helst inn. Planten har ikkje røter, så dette er einaste måten å sikra seg vatn og det lille den treng av næring. Normalt vil desse cellene vera vassfylte, og mosen har då si naturlege farge — grøn, raud eller brungul. Berre under ekstrem turke tek vasslageret slutt. Då stoggar veksten og mosen kvitnar. Men så snart det kjem regn vaknar planten til liv att og held fram som før.
Torvmosen veks berre i toppen kor den lagar nye greinkransar med dei særmerkte blada. Etter kvart vil dei gamle greinkransane døy og verta til torv. Men «ballongcellene» forsvinn ikkje. Dei vert verande i torva.
Oppsmuldra, tørka torv, som vi kjenner som torvstrø, har difor ei fantastisk evne til å suga opp væte, opptil tjue gongar si eiga vekt. Sjølv i vår høgteknologiske tid har ein ikkje noko betre å nytta mot oljesøl på vegane. Og før i tida var dette høgt skatta som strø i fjøset. Folk hadde eigne plassar i torvmyrane kor dei gjekk i godversperiodar og raka saman torv som hadde tørka og smuldra opp. Dei kalla det «mold», og den vart lagra i små «moldhus» til vinteren kom.
Kan brukast på sår, - og i vegger
Ei anna side ved torvmosen er at den inneheld desinfiserande stoff. Er du ute og får eit mindre sår, kan ein god dott med torvmose vera vel så bra som noko anna. Forbinding med torvmose vart tidlegare mykje nytta av militære feltsjukehus. Under første verdskrigen hadde den britiske hæren eit månadleg forbruk av tørka torvmose på 500 tonn! Kompress med torvmose tilsatt litt saft frå kvitlauk, berga livet til fleire tusen soldatar. I ei tid med stigande otte for antibiotikaresistens kan dette vera nyttig å huska på. Dei antiseptiske kvalitetane til torvmose er òg årsaka til at ting som vert liggjande i torvmyra held seg så godt. Dei verdskjente moselika frå Danmark er framifrå døme på dette.
Torvmose vart mykje nytta til tetting mellom stokkane i laftahus. Namn som tømmermannsmose og husmose fortel om denne skikken. Rett nok var det andre artar som eigna seg betre, til dømes etasjemose. Men den var det ikkje alltid så lett å finna nok av. Dessutan — i hus som var dytta med torvmose kom det ikkje veggdyr, sa dei gamle. I våre dagar er det kanskje meir matnyttig at tørr torvmose er ypparleg til å lagra rotgrønsaker i utover vinteren. I ei tid med aukande otte for framtidas klima, lyt vi sjå med vørnad på torvmosen.
Vårt beste karbonlager
Det finst nok andre plantar som tek opp meir karbon frå lufta, men ingen som lagrar det dei fangar meir effektivt. På grunn av eigenskapane til torvmosen er nyrane det største karbonlageret vi har på jorda. Det er ei god grunn i seg sjølv til å ta vare på det lille vi har att av kysten sitt torvproduserande lyngheilandskap.
- 1/1