Hopp til hovudinnhald

Tryllefløyta

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingar
møtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum med på ei reise inn i segner, folketru og minne frå Nordhordland –forteljingar mange vil kjenna att frå eigen oppvekst, eller frå tufter og landskap vi alle har eit forhold til.

NB! Arrangementet har funne stad

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingar
møtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum med på ei reise inn i segner, folketru og minne frå Nordhordland –forteljingar mange vil kjenna att frå eigen oppvekst, eller frå tufter og landskap vi alle har eit forhold til.

Lyngheisenteret
24. mai 2026
13.00 – 14.00

Om konserten

Tekstar frå Kjersti Isdal si bok “Segner frå Nordhordland,” vert vevde saman med velkjende melodiar frå den klassiske musikktradisjonen og moderne klangar, til dømes av komponisten Torstein Aagaard Nilsen frå vårt eige område.
Her er rom for både alvor og humor – og for å minnast, kjenna att og berre lytta.

Om musikarane

Amalie Duesund, fløyte er fløytist frå Alversund med klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole. Ho har brei konsert- og orkestererfaring.
Rune Alver, pianist er frå Alversund og har ei lang og rik kunstnarleg karriere. Han har gjeve ut ei rekkje CD-ar og har ein brei konsertaktivitet.

Praktisk informasjon

24.mai 1.Pinsedag kl 13.00
Billettar kr 250 på Ticketco
eller Vipps 980 17 270 / kontant i døra
Unge under 18 år gratis

https://runealver.ticketco.events/no/nb/e/mytar

Velkomen !

  • 1/1