Vi tilbyr desse kurs- og selskapslokala:
- møterom (30 pers.)
- auditorium (70 pers.)
- Matstova (70–80 pers.)
Overnatting
Mange mindre og større grupper vel Lygra som ramme for eit møte, selskap eller eit ferieopphald. På Lygra kan du overnatte i historiske hus midt i kulturlandskapet. I kort gangavstand frå Lyngheisenteret finn du Lygra Gjestegard og Magnusgarden, der grupper kan bu, ha møte og lage mat sjølve, eller ha måltida sine og møtelokale på Lyngheisenteret.