Hopp til hovudinnhald

Villsausanking på Tangane

No er det villsauene som går i området rundt turstiane våre som skal sankast. Denne sankinga passar for heile familien.

No er det villsauene som går i området rundt turstiane våre som skal sankast. Denne sankinga passar for heile familien.

Lyngheisenteret
22. juni 2025
11.00

Sauesanking

Me inviterer små & større sauesankarar til å vera med på villsausanking på Lygra, søndag 22. juni. Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 11.00.

Den vesle flokken på Tangane, den ytterste spissen på Lygra, skal samlast i sankebingen for klipping, helsesjekk, parasittbehandling og merking av lam. Villsauer og lam skal vurderast iht. rasestandard for gammalnorsk sau (villsau). Dei med godt rasepreg er best rusta til å leve ute i lyngheia. 

Lyngheisenteret er åpent denne søndagen frå kl 12 -17. Her kan du bl.a lære meir om villsaudrifta og/eller ta deg ein matbit. Vi sel varm mat til kl 16.30. 

Det vert ikkje førehandspåmelding til denne dagen, berre møt opp. Sjå også arrangement på Facebook, på Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag.

Velkomen til Lygra!

  • sauesanking: folk går på rekkje og held hender, saueflokk lengre bak
    1/2
    Lyngheisenteret
  • sauesanking: sauar i båsar med folk rundt, sjø i bakgrunnen
    2/2
    Lyngheisenteret

Informasjonsbygget og kafe Matstova

  • Ope kl 12 – 17 (Varm mat i kafeen til kl 16.30)
  • Gratis inngang til informasjonsbygget.
  • Barn har gratis inngang til film & utstillingar
  • Vi har alltid gratis aktiviteter for barn som 
  • o    Stylter, hesteskokasting, styrkeprøve med diplom
    o    Tegnebord og leikekrok
  • Nålefilting (kr 50)

Film og utstillingar

  • Filmen om Mandus og Klara
  • Hovudutstillinga "Det stig av hav"
  • Ny utstilling : «Wool and sheep around the North Atlantic Sea”. (Står ut juli)

Billett til alle tre: Vaksen kr 100 / Student kr 70 / Barn t.o.m. 16 år går gratis

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2