Hopp til hovedinnhold

Besøk musea våre!

Ta heile familien med på nye opplevingar på våre museum på Osterøy, Lygra, Radøy og i Salhus. Vi har mange spanande tilbod for familiar med barn i Bergen og omegn.

  • jente i fabrikklokale med to kosedyr (sauar) under armane
    Bli med på omvising med sauen Bændik. Tove Lise Mossestad

Tekstilindustrimuseet

Besøk Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) – ein av dei første mekaniske trikotasjefabrikkane i Noreg.

I dag er fabrikken eit freda industriminne av nasjonal verdi. Kunnskapsrike omvisarar tar deg med inn i fabrikken der lukta av ull og olje framleis heng i veggane. Kom tett på maskinene, og sjå når dei strikkar sokkar og genserar. Høyr historia om tekstilarbeidarane i den vesle industribygda. Kjøp billett til omvising.

For barn

Kor har Bændik gøymt seg? Høyr og sjå maskiner medan de leitar etter sauen Bændik som har gøymt seg mange rare plassar i fabrikken. Kanskje du får prøve ei strikkemaskin? Turen startar kl. 13.30 kvar søndag og passar for barn på 3–8 år. Kjøp billett. Aktivitetsbord og fabrikkquiz kvar søndag.

Utstillingar

Sjå skiftande utstillingar i Galleri Salhus.

Kafétilbod

I Krone Kafé kan de nyte heimebakst og is med utsikt over Salhusfjorden.

Besøk oss

Opningstider og prisar.

Berre 20 min frå Bergen med bil. Finn vegen her.

  • Hesjing på Lyngheisenteret. Påbegynt hes i delvis slått kystkulturlandskap
    Hesjing på Lyngheisenteret. Lyngheisenteret

Lyngheisenteret

Opplev dei unike kystlyngheiane og den friske sjølufta. Her er det berre deg og naturen.

Lyngheisenteret  er i dag den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som òg er tilrettelagde for publikum. Ta ei vandring i det vakre og historiske kulturlandskapet på Lygra.

Aktuelt

  • Ein tursti på 2,5 km går frå kulturbeitet og ut i lyngheia. Gjennom løypa finn du informasjon gjennom postar og QR-kodar, eller du kan låne ein turguide.

Kafétilbod

Matstova byr på god, heimelaga og kortreist mat, servert med strålande utsikt mot fjord og fjell.    

Besøk oss

Opningstider og prisar.

Berre ein time frå Bergen med bil. Finn vegen her.

  • Par og barn i drakt utenfor Elizabeth town hall & jail
    Familiedag på prærien. Vestnorsk Utvandringssenter

Vestnorsk utvandringssenter

Ta turen til Sletta og bli med inn i husa på Prærien. Ein ekte Prærielandsby med bygg reist av nordmenn i Amerika. Alle er flytta til Sletta på Radøy. Her finn du mellom anna kyrkje, skule og fengsel, i tillegg til Karen og Andreas si Nybyggarstove frå 1869. Omvisinga tek deg med inn i husa, opnar historia og fortel om kulturmøte før og no. Bli med inn!

Kafétilbod

I kjellaren på Emigrantkyrkja finn du det sosiale rommet Emigranten, der vi har ein enkel kafé og museumsbutikk.

Besøk oss

Opningstider og prisar.

Berre ein time med bil frå Bergen.

  • Inventar i Museumstunet på Osterøy Museum
    Museumstunet på Osterøy Museum. Osterøy Museum

Osterøy Museum

Bli kjend med vestlandske bygge- og tekstiltradisjonar på Osterøy.

Museet ligg vakkert til på Gjerstad, midt på Nord-Europas største innlandsøy. Her viser gamle og nyare hus i eit spanande tun levemåten i bygdene nord for Bergen.

Kafétilbod

Kafé med enkel servering. Ta gjerne kaffien med ut i museumstunet når sola skin.

Besøk oss

Opningstider og prisar.

Berre 40 min med bil frå Bergen. Finn vegen. 

  • Klyngetunet Havrå i bratt kulturlandskap ved fjorden
    Havrå på Osterøy Trond Isaksen/Riksantikvaren

Havrå

Opplev eit av Noregs best bevarte klyngetun.

Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Her har det vore busetnad og gardsdrift sidan eldre bronsealder. Garden vart freda i 1998, som det første kulturmiljøet i Noreg, og er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.

Kafétilbod

Diverre ingen kafétilbod, men besøk gjerne Osterøy Museum (15 min unna) som har ein enkel kafé.

Besøk oss

Opningstider og prisar.

Berre 30 min med bil frå Bergen

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1