Hopp til hovedinnhold

Jul i MUHO

Førjulstida er over oss og musea våre har invitert til stemningsfulle og koselege førjulsarrangement, der vi ønskjer at gode opplevingar står i fokus.

  • Fjøsnissen kikker ut vinduet

Lokale opplevingar og lokale julegåver

No er alle førjulsarrangementa gjennomført på musea våre. Det er likevel høve til å handle i nettbutikken og følge med i adventskalenderen. 

  • Vinterlys på Prærien, lyssatt silhouette
    Vinterlys på Prærien

Stemningsfull kveldstur

Om du ønskjer ein stille og stemningsfull kveldstur, er det framleis høve å få med seg julepynta Prærielandsby på Vestnorsk utvandringssenter på Sletta. Her er alle vindauga i husa pynta med tradisjonelle og gamle julenissar og julepynt. Ta med deg venner eller familie og del minner og skap juleminner! 

Førjulsarrangement i MUHO

I fleire av våre museum har vi hatt opplevingar for store og små, der fleire generasjonar kan skape seg gode minner saman. Vi inviterte til godt samvær, låge skuldre og julestemning med juleverkstader, julemarknad, julefilm og førjulsaktivitetar. Museumsbutikkane våre og nettbutikken vår har lokalt produserte varer av høg kvalitet. Vi har også vore på Julemarkedet i Bergen 29. november og 6. desember.

Fortsatt god førjulstid frå MUHO!

Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1