Tekstilindustrimuseet
Besøk Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) – ein av dei første mekaniske trikotasjefabrikkane i Noreg.
I dag er fabrikken eit freda industriminne av nasjonal verdi. Kunnskapsrike omvisarar tar deg med inn i fabrikken der lukta av ull og olje framleis heng i veggane. Kom tett på maskinene, og sjå når dei strikkar sokkar og genserar. Høyr historia om tekstilarbeidarane i den vesle industribygda.
Lyngheisenteret
Opplev dei unike kystlyngheiane og den friske sjølufta. Her er det berre deg og naturen.
Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som òg er tilrettelagde for publikum. Ta ei vandring i det vakre og historiske kulturlandskapet på Lygra.
Vestnorsk utvandringssenter
Ta turen til Sletta og bli med inn i husa på Prærien. Ein ekte Prærielandsby med bygg reist av nordmenn i Amerika. Alle er flytta til Sletta på Radøy. Her finn du mellom anna kyrkje, skule og fengsel, i tillegg til Karen og Andreas si Nybyggarstove frå 1869. Omvisinga tek deg med inn i husa, opnar historia og fortel om kulturmøte før og no.
Osterøy Museum
Bli kjend med vestlandske bygge- og tekstiltradisjonar på Osterøy.
Museet ligg vakkert til på Gjerstad, midt på Nord-Europas største innlandsøy. Her viser gamle og nyare hus i eit spanande tun levemåten i bygdene nord for Bergen.
Havrå
Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Her har det vore busetnad og gardsdrift sidan eldre bronsealder. Garden vart freda i 1998, som det første kulturmiljøet i Noreg, og er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.