Hopp til hovedinnhold

Ådnatun

Ådnatun er ei lokalhistorisk samling i Indre Arna i Bergen kommune. Her er eldre bygningar frå bygda og samlingar av innbu og gjenstandar. Her kan du mellom anna vitja ei skulestove frå 1950 talet, eit av dei fyrste apoteka som blei oppretta på Vestlandet og utstillingar som fortel om livet i Arna-bygdene i gamle dagar.

Adresse

Ådnatun
Utløbakken 83
5260 Indre Arna

Arrangement og undervisning

Museet er ope under kulturdagane i Arna med ulike utstillingar og arrangement. Arna Sogelag har gjennom året tilbod om kulturkafear og førjulsdag med aktivitetar. Dei frivillige i Arna Sogelag, Arna Husflidslag med fleire tilbyr kvar vår eit Undervisningsopplegg til alle 5. klassane i Arna. 

Opningstider og billettar

Museet er ope under arrangement og etter avtale.

Kontakt oss for å besøke museumstunet:

Solveig Jordal

lær meir om Ådnatun

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1