Kalender
Handarbeidstreff 01.06.22
Velkomen til handarbeidstreff onsdag 1 juni. kl. 1200
Føredrag ved Ann-Mari Hannisdal «BRYSTDUKAR PÅ OSTERØY MUSEUM - Mangfald i teknikkar og uttrykk».
Kurs i veving av varafell på oppstadvev!
Mandag 20 juni til torsdag 23 juni. kl. 0900 – 1600
Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før.
Spinnekurs med Elizabeth Jonston
Osterøy museum 24 - 26 juni 2022.
Kursleiar Elizabeth Johnston er ein profesjonell spinnar frå Shetland.
Faste arrangement
Bli med på handarbeidstreff på museet første onsdag i månaden, frå september til mai. I månadsskiftet mai/juni har vi offisiell sesongopning med ope museum og handverksaktivitetar.
Om sommaren kan du delta på kjekke ferieaktivitetar for barnefamiliar, eller fordjupe deg i ein handverksteknikk på eit av våre kurs. Kursa går over fleire dagar og tek for seg tema som oppstadvev, plantefarging, bygningsteknikkar med meir.
Osterøy museumslag arrangerer forteljarkveldar, basar og familieaktiviteter på museet i løpet av året.