Hopp til hovudinnhald

Brakefestivalen – open dag

Velkomen til open dag under Brakefestivalen på Osterøy museum!

Brake, eller einer, er ein plante med mange bruksområde, og har hatt ei heilt sentral rolle i livet på Osterøy. Brake er Osterøy sin kommuneplante, og har gjennom tidene vore brukt til alt frå krydder i mat og brennevin til medisin og trevirke. Under Brakefestivalen feirar vi denne allsidige planten og tradisjonane som er knytte til han.

På open dag inviterer vi til eit variert og levande program for både store og små. Her kan du bli med på kurs, delta på aktivitetar, prøve seg på brakekledning, gå på omvising og oppleve konsert – eller berre nyte stemninga på museet.

Det blir aktivitetar for heile familien, og høve til å lære meir om både natur, handverk og tradisjonar knytte til brake og kulturhistoria på Osterøy.

Arrangementet er gratis og opent for alle. Vi gler oss til å sjå deg!

NB! Arrangementet har funne stad

5. september blir det open dag under BRAKEFESTIVALEN på Osterøy Museum. På den opne dagen blir det kurs, aktivitetar for heile familien, konsert, omvising og mykje meir.

Osterøy museum
05. sep. 2026
12.00 – 16.00

Program for open dag

Bli med å prøv brakekledning m/Tove Mostrøm og Rune Johnsen

Når: 12:00-13:30 og 14:00-1600

Det blir demonstrasjon av brakekledning med Tove Mostrøm og Rune Johnsen frå Havrå. Brakekledning er ein type luftig kledning av brake (einer) som særleg har blitt brukt på løer. Kledningstypen er mykje brukt her på Osterøy. Bli med å lær korleis ein gjer det og prøv sjølv. 

 

Famileomvising: Bruk av brake gjennom historien 

Når: 13:00-14:00 og kl. 14:30-15:30 

Bli med på omvising i dei gamle husa i museumstunet. På omvisinga skal vi ta deg gjennom bruk av brake gjennom historia, både når det kjem til mat, drikke, vasking og overtru. Omvisinga er gratis å delta på, men det er avgrensa med plassar. Sikre deg ein billett i lenka under.

 

Korgfletting m/korgflettar Coline Bouquin

Når: Heile dagen i skulehuset

Har du lyst å lære meir om korgfletting? Det blir demonstrasjon av korgfletting og pop-up butikk.

 

Spikking for alle aldrar m/Tore Børtveit Rosnes

Når: 12:00-14:00 og 14:30-1600

Bli med å prøv spikking i aktivitetshuset i museumstunet. Spikkinga passer for heile familien.

 

Brakekjøkken i Kleivelandstova

Når: Heile dagen 

Inne i Heimvikstova blir det ein stasjon der du kan sjå, lukte og smake på alt brake. 

 

Kunstnarsamtale med Vigdis Valde

Når: 12:00 

Samtale om framarbeidinga og arbeidet med utstillinga "Stille klang av samspel" som står i Solbjørstova. 

 

Bli med på kurs: 

Under festivalen foregår det fleire kurs. Det blir kurs i brygging av øl med brake, såpekurs og kurs i bygging av eit røykeri. Kursa foregår rundt omkring i tunet og det blir mogleg å observere delar av dei. Dersom du ønskjer å delta på kurs, så må du kjøpe billett. 

 

Kafé i Revheimstova

Når: 12:00-16:00

Det blir kafe med god mat og drikke i Revheimstova. 

 

Stylter og hesteskokasting

I tunet er det mogleg å prøve å gå på stylter og hesteskokasting. 

 

Konsert: “Rundt Tussebordet på Seim”

Når: 16:00

Folkemusikere Lovise Espeland og Johanna Seim samler publikum rundt det sagnomsuste “Tussebordet på Seim”, og tar publikum med på en musikalsk reise til Nordhordaland. Sagn og fortellinger flettes sammen med folkesanger og hardingfeleslåtter, og gir en tidvis drømmende, tidvis humoristisk opplevelse av nostalgi og eventyrlighet. Musikken utgjør et variert repertoar med vakre ballader, dansbare slåtter, morsomme viser og sørgmodige stev.

For å bli med på konserten må du kjøpe billett.

 

Besøk utstillingane våre: 

Vi har utstillingane "Handboren", "ÅKLE" og "Stille klang av samspel" som er open for alle. 

 

Ope i Bokstova 

Sogelaget har ope i bokstova under heile festivaldagen. Lokallitteratur. 

 

  • 1/6
    MUHO
  • Havrå. mann som hentar brake. Fjell i bakgrunnen. granfelt ned etter høgre sida.
    2/6
    Biletet er henta frå digitaltmuseum.org - Rettighetsbeskytta
  • 3/6
    MUHO
  • 4/6
    MUHO
  • 5/6
    MUHO
  • 6/6
    MUHO