Hopp til hovedinnhold

Eldhuset

Eldhus frå Rongved.
Flytt til museet I 1952.
Eldhuset fungerte som grovkjøkken på garden. Her vart det arbeidd med slakt, ølbrygging og baking. Det har murt grue der det vart varma vatn til klesvask og steikt brød to-tre gonger i året. Ved sida av grua er det mura korntørke med eldstad under. Det var viktig å tørke kornet før lagring, eller maling.
På Vestlandet og langs kysten ellers var det vanleg med mura eldhus. Hellene på taket er naturheller frå Rongvedgarden, lagt på då huset vart bygt.

  • 1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1