- 1/2
- 2/2
Handarbeidskveld
Velkomen til handarbeidskveld
Det vert føredrag ved Birger Berge, Birger Berge har strikka heile livet, og har dei seinare åra også designa og publisert eigne mønster i bokform og hos andre leverandørar i form av hefter og enkeltoppskrifter. Birger er oppteken av kulturarven i strikking, og prøver alltid å bringe tradisjonelle element inn i nye plagg, og bruke tradisjonane på ein kreativ måte.
På museet vil Birger prate om vegen inn i strikkinga, prosessen fram mot eigen Instagram og eiga bok, om mønstertradisjonar og kva strikking kan bety for den einskilde.
Bilett m/ kaffe og stompakaker 100,-
Velkomen til handarbeidskveld!