Handarbeidstreff med mytiske vette og kulturhistorisk magi
Det vert handarbeidstreff onsdag 6 november kl. 1200 Osterøy museum
Vi får besøk av forfattar og illustratør Kjersti Isdal som vil fortelja om Segn frå Nordhordland
Mytiske vette og kulturhistorisk magi
Folketrua er full av mytiske vette og magiske råd for å verne seg mot desse. Spora etter magien finst i gamle bygningar, i skikkar og folkekunst.
Boka Segner frå Nordhordland tek oss med til den magiske verda til forfedrane våre. Trua på vetta var ein del av kvardagsliv og høgtid, og frykta for dei gav rammer for arbeids¬oppgåvene gjennom året.
No er det få att som hugsar denne kunnskapen, eller kan fortelje om det. Men forfattar Kjersti Isdal har leita og funne han, nedskriven i memorat og segner - og godt gøymd i «hemmelege» og levande "arkiv".
Isdal har illustrert både segnene og dei magiske merka gjennom heile boka.
Velkommen til et magisk Handarbeidstreff!