Hopp til hovedinnhold

Har du lyst å lage din eigen bunads-stakk?

Då er du velkomen til til Kurs i Smårukkestakk på Osterøy Museum

Stakken har lange tradisjonar og blir i dag brukt til bunaden både i Nordhordland, Hardanger og Fana.

Den blir også kalla plisestakk, strilastakk, eller rokkastakk.

Dette er ein kunnskap og teknikk som få kan i dag. Kurset er eit sjeldan høve til å ta del i denne kunnskapsarven og ta vare på tradisjonen.

Stakken blir laga med små folder/piper, for hånd i varmt vatn.
Nytt sjansen til å lage eit arvestykke til deg sjølv, ei dotter, eller eit barnebarn!

Kursleiar er Linda Rongved. Ho har meir enn 25 års erfaring som kurshaldar innan bunadsfaget.

Dato og pris

4 og 5.juli

kl 10.00-16.00

Pris kr 3000.-


  • Folding av stakk til bunad
    1/3
    Foto: Linda Rongved
  • 2/3
    Foto: Linda Rongved
  • 3/3
    Foto: Linda Rongved
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1