Hopp til hovedinnhold

Kleivelandstova

Kleivelandstova, frå Kleiveland I Haugebygda.
Sett opp på museet I 1937 og bygt inntil Solbjørstova.
Denne stova er truleg frå slutten av 1700-tallet og er bygd av halvrundtømmer. Den har berre eit rom med gang ute og lem oppe. Dei største borna låg på lemmen, medan foreldra og minstebornet låg i stova. Langbord med benker var fast inventar og alle hadde sin faste plass ved bordet. I gangen, eller “ut I døra” som det heiter lokalt, var det grue og kjøkken.

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1