- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4
Osterøy Museum
Kurs i veving av åkle på oppstadvev
Oppstadveven, eller oppstadgogna, er den eldste vevstolen vi kjenner til og ein meiner den har eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning. Veven står oppreist mot veggen med renningstrådane knytt fast nede, til vevlodd av stein, eller keramikk. Den vart brukt til alle slags tekstilar, frå klede til seglduk. Denne veven er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.
Åkle er eit kraftig handvevd sengeteppe, som vart brukt over sengene som både pynt og til å breie over seg. Ordet åkle kjem av det gamalnorske ordet åklæthi som betyr sengeteppe. Åkle var mest ein brukstekstil, men den vart også brukt til pynt. Åkle er fargerike med mange mønster og border. Mønstra kan variera frå plass til plass, og ein kan tydeleg sjå geografiske ulikskapar.
På kurset vil ein lære å sette opp ein oppstadvev og å veve eit tradisjonelt åkle frå Nordhordland.
Kurshaldarar er Monika Ravnanger. Monika er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum.
Kurset passar for både nybyrjarar og dei som har vevd på oppstadveven før.
Spørsmål ang kurset sendes til: monika.ravnanger@muho.no eller
Bli med på kurs for å lære å veve åkle på oppstadveven. Lær å veve eit åkle på den eldste vevstolen vi kjenner til, oppstadveven.