Hopp til hovudinnhald

Kurs i veving av ein minivarafell

Bli med å lag ein miniversjon av den historiske varafellen.

I ullveka vert det eit kurs der kursdeltakarane får lære å veve ein miniversjon av den historiske flosstekstilen varafellen

Osterøy museum
31. mai 2026
09.00 – 16.00

Varafell er ein stor voven ullfell. Den ser ut som, og har eigenskapane, til ein sauefell. Varafell,
eller roggvarafeldur som den heiter på islandsk, er ei tusen år gammal islandsk handelsvare. Handel mellom Island og Norge var vanleg på den tiden. Normalt vert ein varafell voven på ein oppstadvev, eller oppstadgogn, som er den eldste vevstolen vi kjenner.

I ullveka vert det eit 7 timars kurs der kursdeltakarane får lære denne spennande flossteknikken og veve ein minivarafell på bordvev.

Kurshaldar: Monika Ravnanger, Tekstilhandverkar Osterøy museum

Kursavgift: 1700;
- (Materialer inkludert)

Det blir mogleg å kjøpa vev, for dei som ønskjer.

Kontaktinfo: monika.ravnanger@muho.no

 

Billettar blir lagt ut den 26.01 kl. 12

  • Ein vev med ein halvferdig minivarafell på
    1/5
  • Folk på kurs i veving av minivarafell sitter rundt eit bord og vever
    2/5
    Osterøy Museum
  • Ein bordvev med ein havlferdig minivarafell på
    3/5
    Osterøy Museum
  • Nærbilde av knutane på ein varafell
    4/5
  • logo for ullveka 2025 i grønn
    5/5
    Ullveka 2025