Ullveka: Kurs i veving av varafell på oppstadvev

Er du interessert i tradisjonar, handarbeid og tekstilar? Bli med på kurs i veving på oppstadveven, som er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.

  • Laurdag 23.10 - tysdag 26.10: 09.00 – 16.00

    Kurset går over fire dagar. Det vert nokre dagar der ein kan stå lengre å veve.

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Oppstadveven, eller oppstadgogna,  er den eldste vevstolen vi kjenner til og ein meiner den har eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning.. Den vart brukt til alle slags tekstilar, frå klede til seglduk. Denne veven er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.

Varafellen eller Röggvarfeldur, som den heitar, er ei tusen år gamal Islandsk handelsvare. Handel mellom Island og Noreg var vanleg. Det var sikkert å handle med tekstilar og det var lettare å ha kontroll på verdi, størrelse og vekt.  

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Ein varafell er ein vevd ullfell som ser ut som, og har eigenskapar, til ein sauefell. Sidan den er vevd kan ein varafell bli større enn ein sauefell. Fortidsmennesket hadde god kunnskap om fibranes eigenskapar og brukte denne kunnskapen når de lagde tekstilar.

På kurset vil en lære å sette opp oppstadveven, forberede ull og veve.  

Praktisk informasjon

Kurshaldar: Monika Ravnanger. Monika er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum.

Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før.

Vevkurs 4 dagar 5400,- inkl. materialar

Påmelding til: solveig.jordal@muho.no