Kveldsete 30. mai
Denne kvelden får me høyre toradarspelar Linda Skjerping spele og fortelje om korleis toradarmiljøet på Osterøy vart bygd opp, der ho har vore avgjerande som lærar og inspirator. Sjølv har ho spelt toradar i over 40 år, av desse underviste ho i kulturskulen i 25 år. Ho har hatt om lag 130 elevar på toradar i denne tida, og på det meste 70 aktive toradarspelarar på same tid. Linda underviste både enkeltelevar og grupper, og har reist land og strand rundt på festivalar, konkurransar og speleoppdrag med elevane sine. For innsatsen sin i folkemusikkmiljøet blei ho heidra med Osterøy kommune sin kulturpris i 2018.
Denne kvelden har ho med seg nokre av dei tidlegare elevane, og me får sjå bilete og klipp frå opplevingar dei har hatt. Obs: Denne konserten vil vere i storsalen i hovudbygget.
Praktisk informasjon
Kva er prisen:
200 kr per person
Bør eg kjøpe billett på førehand?
Sidan det er avgrensa plass, er det lurt å kjøpa billett på førehand. Ingen plassgaranti utan førehandskjøpt billett!
Kontaktpersonar Osterøy spel- og dansarlag:
Ingvild Kleiveland Vevle og Synnøve Jordalen
Tidligare konsertar:
Kveldsete 10. mai: Håkon Høgemo
Denne kvelden fekk me høyra ein av dei aller beste hardingfelespelarane i landet: Håkon Høgemo!
Håkon har stor kunnskap om hardingfeletradisjonen og lang røynsle som både utøvande musikar og pedagog. Han er frå Øvre Årdal, men har budd i mange år på Osterøy. Her på Osterøy har han heilt sidan tidleg på 1990-talet hatt ei sentral rolle som lærar for ein ny generasjon hardingfelespelarar. Håkon er ei særs viktig inspirasjonskjelde for felespelarane i laget framleis i dag. For den lange og særmerkte innsatsen sin i laget vart han for nokre år sidan utnemnd til heidersmedlem i Osterøy spel- og dansarlag.
Kveldsete 23. april: Lovise Espeland, Ingvild Kleiveland Vevle og Silje Solberg
På konserten fekk ein høyra tradisjonsmusikk og tradisjonssong frå Osterøy og området rundt, framført av tre utøvarar som møtest for å framføra kvar sine slåttar og songar. Velkommen til ein stemningsfull time i Revheimsstova!
Lovise Espeland: Kveding
Ingvild Kleiveland Vevle: Hardingfele
Silje Solberg: Hardingfele
Kveldsete 1. juni 2025: Monika Antun, Andrea Antun Mikkelsen og Baste Antun
Artistane var Monika Antun (hardingfele), Andrea Antun Mikkelsen (hardingfele) og Baste Antun (durspel). Ein familietrio på høgt nivå.
I Revheimsstova var det båe solo-, duo- og triospel, med eit variert repertoar. Tradisjonell runddans, spreke slåttar og spanande fleirstemt folkemusikk frå Antun-familien sine folkemusikalske ryggsekkar.
Kveldsete 8 . april 2025: Tuva Thomassen og duoen Silje Midtbø Vevle og Una O'Keeffe
Tuva Thomassen og duoen Silje Midtbø Vevle og Una O'Keeffe. Desse tre er framståande hardingfelespelarar i Osterøy spel- og dansarlag.
Tuva har eit rikt repertoar av slåttar å plukka av, og denne kvelden deler ho med oss både lokalt stoff og slåttespel frå andre stader i landet.
Silje og Una har gjennom mange års samspel utvikla mange særeigne arrangement for tostemt hardingfele, både lokale slåttar og meir langreiste slåttar. Her vert det samspel og kreative vendingar på eit høgt musikalsk nivå!
Kveldsete 13. februar 2025: Sindre Fotland og Kristoffer Kleiveland
Sindre Fotland og Kristoffer Kleiveland.
Desse to har begge utmerka seg med spel på toppnivå gjennom mange år som utøvarar på folkemusikkfeltet. Dei har vakse opp saman på Kleiveland ved Haugo, og har spelt saman i det vitale durspelmiljøet på Osterøy gjennom barndom, ungdom, i studietida ved Ole Bull Akademiet på Voss og elles i mange andre samanhengar. Sindre er i dag leiar i Osterøy spel- og dansarlag, eit verv han overtok etter Kristoffer, som hadde hatt det i fleire år.
Kveldsete 27. november 2024: Silje Solberg og Ingvild Kleiveland Vevle
Hardingfelespelarane Silje Solberg og Ingvild Kleiveland Vevle. Desse to har spelt saman sidan januar 1993, då Silje som åtteåring byrja å spela og Ingvild som elleveåring vart sett til å vera læraren hennar. Samspelet held fram enno, og denne kvelden deler dei slåttar og slåttestev med tilhøyrarane. Det vert òg ein del solospel. Silje og Ingvild er opptekne av å formidla lokalt slåttemateriale frå Osterøy og omlandet rundt.
Kveldsete 18. september 2024: Ingrid Sofie Midtbø-Bruner og Vegard Kvestad
Ingrid Sofie Midtbø-Bruner (fele og hardingfele) og Vegard Kvestad (durspel). Ingrid Sofie og Vegard har begge utmerka seg med framifrå spel på både kappleikar, festivalar og konsertar dei siste åra. Seinast i sommar vart dei klassevinnarar i kvar sine soloklassar på Landskappleiken på Gol, i tillegg til fleire andre særs gode plasseringar. Vegard vann også både klassen sin, durspel junior, og Super junior på Landsfestivalen på Vestnes. Denne kvelden får publikum høyra Ingrid Sofie og Vegard spela både åleine og saman.