Hopp til hovedinnhold

Kveldsete i Revheimsstova:

Intimkonsert med Ingrid Sofie Midtbø-Bruner (hardingfele, fele) og Vegard Kvestad (toradar) den 18. september kl. 19.

  • 1/2
    Vegard Kvestad på toradar. Foto: Osterøy spel- og dansarlag.
  • 2/2
    Ingrid Sofie Midtbø-Brunder på Hanringsfele. Foto: Osterøy spel- og dansarlag.

Kveldsete

– ein intimkonsert med Osterøy spel- og dansarlag i samarbeid med Osterøy museum. 

Nemninga “kveldsete” stammar frå eldre tider og vart brukt om tida ein sat oppe frå mørket kom og fram til leggjetid. I dette tidsrommet var det ofte at ein delte musikk og forteljingar med kvarandre. Osterøy spel- og dansarlag ynskjer å utnytta potensialet som ligg i kveldsetetradisjonen og etablera ein eigen serie med intimkonsertar, der utøvarar frå det lokale folkemusikkmiljøet står for innhaldet, i solo- og samspel. Tidsramma vil vera omlag ein times konsert og alt skal føregå heilt akustisk, tett på publikum. 

På den fyrste kveldseta har me fått to unge, lovande musikarar til å spela for oss: Ingrid Sofie Midtbø-Bruner (fele og hardingfele) og Vegard Kvestad (durspel). Ingrid Sofie og Vegard har begge utmerka seg med framifrå spel på både kappleikar, festivalar og konsertar dei siste åra. Seinast i sommar vart dei klassevinnarar i kvar sine soloklassar på Landskappleiken på Gol, i tillegg til fleire andre særs gode plasseringar. Vegard vann også både klassen sin, durspel junior, og Super junior på Landsfestivalen på Vestnes. 

Denne kvelden får publikum høyra Ingrid Sofie og Vegard spela både åleine og saman. Me ser fram til ei stemningsfull kveldsete med den koselege Revheimsstova på Osterøy museum som fin ramme rundt musikken. 

Merk at det er avgrensa med plassar, så dei som vil vera sikre på å få plass, gjer lurt i å tinga billett. 

Pris: 100,-

Kveldsete-serien er sponsa av lokale midlar frå Sparebanken Vest. Me takkar for støtta! 

 

18.09.2024 kl. 19:00 

Museum24:Portal - 2024.09.14
Grunnstilsett-versjon: 1