Bli med rundt i museumstunet
Heilt fram til 1900-talet var dei fleste vestlendingar bønder, eller fiskarbønder ut mot kysten. Dei budde i klyngetun, eller små landsbyar, saman med fleire andre familiar.
Bygningane i museumstunet på Gjerstad er alle flytta hit for å kunne fortelje om korleis byggeskikken og livet var på Strilandet i tidlegare tider. Dei kan daterast til tida mellom 1600-1850.
Sjå utstillinga handboren
Utstillinga “Handboren” fortel om lokale handverkstradisjonar innan tre og tekstil, om drakt og bunad og utvikling av småindustri i møte med moderne 1900-talet.
Vi ynskjer å syne korleis nedarva kunnskap, saman med lokale materialar, har skapt kulturuttrykk, tradisjonar, og næringsvegar – noko som igjen har gitt regionen særpreg og skapt lokal identitet.
Vi har ordinære omvisingar på sommaren frå 17. juni til 31. august. Dei kan bestillast her:
Dersom det gjelder ei større gruppe (over 10 personar), eller du ønskjer omvising på eit anna klokkeslett eller utanom sesongen kan du sende ein førespurnad i skjema under.
- 1/5
- 2/5
- 3/5
- 4/5
Osterøy Museum - 5/5